Nils Utsi
Nils Utsi | |||
Fødd | 22. juli 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tana kommune | ||
Død | 1. januar 2019 (75 år) | ||
Dødsstad | Tana kommune | ||
Fødenamn | Nils Reidar Utsi | ||
Aktive år | 1968–2017 | ||
Verka som | skodespelar, filmregissør, manusforfattar | ||
Prisar | Finnmark fylkes kulturpris |
Nils Reidar Utsi (22. juli 1943–1. januar 2019)[1] var ein norsk samisk skodespelar, dramatikar og teaterinstruktør frå Tana i Finnmark.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Utsi var fødd i Tana. Etter gymnas i Finnmark tok Nils Utsi skodespelarutdanning ved Statens Teaterskole i Oslo, der han kom inn i 1964 som den fyrste samiske studenten.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Etter skulen blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen der han var i tre år frå 1968 til 1971. Han var deretter med på å starta Hålogaland Teater hausten 1971. Dette var det fyrste profesjonelle teateret i Nord-Noreg, og det fyrste regionteateret i Noreg. Utsi var ein av dei kunstnariske drivkreftene ved teateret og deltok i alle produksjonane dei første åra. Dette var ofte oppsettingar som tok utgangspunkt i regional kultur og politikk, mellom anna historia til arbeidarrørsla i Nord-Noreg.
Utsi gjesta seinare Hålogaland Teater (HT) ved opninga av kulturhuset i Tromsø 1983 med Petter Dass, der han hadde hovudrolla, og igjen ved HT sitt 25-årsjubileum i 1996, der han hadde hovudrolla i Postmannen fra Arles. Også ved opninga av det nye teaterhuset til HT i 2005 gjesta Utsi i ei rolle i Benoni og Rosa.
Nils Utsi blei kjend i større delar av Noreg gjennom rolla som faren til sameguten Ante i barne-TV-serien med same namn. Serien blei send på NRK for fyrste gong i 1976 og 1977, og Utsi var personinstruktør for dei samiske medverkande. I den fyrste samiske spelefilmen Ofelaš/Veiviseren (1987), i regi av Nils Gaup, hadde han ei sentral rolle. Filmen blei oscarnominert. I den neste, Bázo frå 2003, hadde han òg ei rolle. Nils Utsi var òg med i Gaup-filmen Kautokeino-opprøret frå 2008. I 2009 spelte han i filmen Jernanger regissert av Pål Jackman. Han deltok i ei lang rekke kortfilmar, mellom anna i samarbeid med Nordland kunst- og filmfagskule.
I 1997 hadde Nils Utsi hovudrolla i Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg i ein samisk versjon, Jeagge Jussa, produsert av Beaivvás Sámi Teáhter i Kautokeino. I 2004 var han instruktør for skodespelet Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved same teater. I 2012 hadde han ei sentral rolle i ungdomsserien Hjerterått (regissert av Nils Gaup) på NRK. I 2014 var han ved Stockholms Svenska Riksteatern i När vinterns stjärnor lyser här.
Under Alta-konflikten blei Utsi fjerna frå Stilla tre gonger, og var den fyrste personen av fleire som vart stilt for retten for demonstrasjonen.[2]
Teaterarbeid (utval)
[endre | endre wikiteksten]Ved Den Nationale Scene i Bergen
[endre | endre wikiteksten]- 1968: Lille Malcolm og hans kamp mot evnukkene
- 1969: Nederlaget av Nordahl Grieg
- 1969: Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett
- 1970: Peer Gynt av Henrik Ibsen
Ved Hålogaland Teater
[endre | endre wikiteksten]- 1971: Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht
- 1971: Gutten og gullfuglen av Nils Utsi, Sigmund Sæverud, Tone Danielsen
- 1973: Det er her æ høre tel av Klaus Hagerup
- 1975: Vor ret vi tar av Klaus Hagerup og Dag Skogheim
- 1975: Peer Gynt av Henrik Ibsen
- 1978: Krittringen av Bertolt Brecht
- 1984: Petter Dass av Lars Berg
- 1997: Postmannen fra Arles av Ernst Bruun Olsen
- 2005: Benoni og Rosa av Knut Hamsun
- 2011: En folkefiende av Henrik Ibsen
Ved Beaivváš Sámi Našunálateáhter
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Jeagge Jussá (Jeppe på Bjerget) av Ludvig Holberg
- 2000: Eatni váibmu vardá (En mors hjerte blør) av Nils Utsi
- 2004: Regi på Lummaid dievva geađggit (Stein i lomma)
Ved Ice Globe Theater
[endre | endre wikiteksten]- 2004: Hamlet
Filmroller
[endre | endre wikiteksten]- 1974: Under en steinhimmel
- 1975: Ante – også personregi
- 1980: La elva leve!
- 1980: Svart hav – også manus
- 1983: Jon
- 1986: Nattseilere
- 1987: Veiviseren (Ofelaš)
- 1992: Den femtonde hövdingen
- 2003: Bázo
- 2008: Kautokeino-opprøret
- 2009: Jernanger
- 2009: Polmak i Tana
- 2010: Robert Mitchum est mort
- 2011: Dunderland
- 2011: Skumringslandet
- 2012: Hjerterått
- 2013: Bonki
- 2017: Den 12. mann
- 2019: Askeladden – i Soria Moria slott
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Dødsannonse Nils Reidar Utsi», vadso-begravelse.vareminnesider.no (på norsk bokmål), henta 19. mai 2022
- ↑ 2,0 2,1 Verstad, Anders Boine (1. januar 2019). «Skuespiller Nils R. Utsi er død» (på norsk bokmål). Henta 2. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Nils Utsi» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2022.